SFO-tilbod i vinterferien 2022?

Det blir SFO-tilbod i vinterferien 2022 om minimum 4 barn blir påmeldt. Frist for påmelding er torsdag 3. februar. Bindande påmelding.  Pris kr 1675,- for vinterferieveka. Tilbakemelding frå SFO på om det blir eit SFO-tilbod i vinterferien får de fredag 4. februar.

Tilbodet er slik: Opningstid kl. 08.00-16.00. Måndag, onsdag, fredag: SFO er på VBU med ulike aktivitetar.

Tysdag og torsdag : "Inn på tunet" hos Anne Lajord Belsheim. Barna vil ta del i aktivitetar som naturleg går føre seg på garden og vere i gardsmiljøet og nærområdet. Frammøtestad er på garden hos Anne L. Belsheim, adresse Liagardsvegen 245, 2973 Ryfoss. Barna må ha med seg fornuftige uteklede tilpassa vêret.

Barna treng ikkje ha med matpakke, det blir servert mat på SFO. 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Solveig, tlf. 99246417 eller Agata, tlf. 93253290.