Oppmodning om avgrensa vassbruk til ikkje-naudsynte aktivitetar og informasjon om tappepunkt i Vang kommune.

Fjellbekk i kveldslys. - Klikk for stort bilete Grunna fint vêr og lite nedbør synk grunnvasstanden i regionen. Dette gjer at private brønnar kan gå tomme, kjelder tørke ut og tilgang til reint drikkevatn bli avgrensa. Vang kommune ynskjer difor å oppmode alle til å avgrense bruk av vatn til ikkje-naudsynte aktivitetar. Dette kan vere vatning av hage eller torvtak.

 Om nokon treng bistand til å skaffe vatn, kan de ta kontakt med kommunen som kan vise til aktuelt tappepunkt.

 Om situasjonen ikkje vert betre og det vert naudsynt med andre tiltak, vil kommunen nytte heimesida for å dele informasjon. Om det vert pålagt vassrestriksjonar vert dette sendt på tekstmelding til vass-abonnement.

 Vi rår samstundes alle til å vise aktsemd ved bruk av vatn, og sjå til at elver og bekker ikkje går tomme. For meir informasjon, sjå https://www.nve.no/nytt-fra-nve/andre-nyhetssaker/vis-aktsomhet-ved-vannuttak/