Oppfriskningsdose kan tilbydast tidlegast 4 månader etter siste vaksinedose. Det må ha gått minst 3 veker etter gjennomgått Covid-19 sjukdom til ny oppfriskningsdose, eit lengre intervall vil som regel gi ein betre immunrespons.
I Vang kommune vil vi gi tilbod om vaksine til prioriteringsgrupper.
Alle som ønsker 4.dose kan møte opp på biblioteket på Vangstunet torsdag 1 september mellom kl 10.30 og 15.30. Denne dagen treng du ikkje booke time, berre møt opp.
Det er òg mogleg å ringe legekontoret på telefon 61 36 95 00 for time følgjande dagar: 25 august, 26 august, 2 september og 8 september.