Nyheiter frå regjeringa om handtering av koronautbrotet

I regjeringa sin pressekonferansen tysdag 7. april 2020 vart det formidla korleis samfunnet gradvis og kontrollert vil bli opna, over tid.

Dei generelle smitteverntiltaka og anmodninga om å ikkje føreta fritidsreiser gjeld framleis. Det er viktig å følgje tilrådingane, og halde fast på gode hygienerutinar og avstandstiltaka, slik at vi ikkje øydelegg dei gode resultata som tiltaka til no har gitt.

 Skule og barnehage:

  • Frå 20. april opnar barnehagane.
  • Frå 27. april opnar skulen for 1.-4. klasse, samt SFO.
  • Dei andre klassetrinna vil halde fram med fjernundervisning.
  • Det vil bli utarbeidd nasjonale kriterier for korleis dei tilsette skal ivareta smittevern.

regjeringen.no kan du lese ei fullstendig oppsummering frå pressekonferansen.
kommunen si temaside ser du kva denne planen betyr for dei kommunale tenestene i Vang kommune. Meir informasjon kjem etter påske.