Ny kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder i Vang kommune ramma av koronatiltak.

Første søknadsfrist er 10. januar 2022. Deretter er neste søknadsfrist innan 20. februar.
Vang kommune er tildelt kr. 750.000 i kommunal kompensasjonsordning til lokale
verksemder.

Målsetting
Målsettingen med tilskotet er å setje kommunene raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særlig hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
Ordninga skal også fungere som ein kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har kome heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Dette gjeld særlig støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstengning. Det er frå departementet gitt kommunene betydelig friheit til å tilpasse kva slags verksemder som kan få støtte, avhengig av den lokale situasjonen.

Søknader blir heilheitsvurdert i samsvar med følgjande tre kriteriar :

  • Rekneskapstal og tildelt støtte – påløpte og uunngåelige kostnader, omsetningsfall, rekneskapsmessig tap, kostnadstilpasning / kostnadsauke, grad av dekning på andre støtteordningar og risiko for konkurs.
  •  Vurdering – i hvilken grad verksemda er berørt av smittevernrestriksjonar og nedstengningar, ukompensert arbeidsbelastning på leiande og eigne tilsette, risiko for permanent tap, opningskostnader etter nedstengning og utsatt driftskritisk vedlikehald på driftsmidler.
  • Betydning for attraktivitet – verksemda betydning for lokalsamfunnet og næringslivet i Vang - attraktivitet med omsyn til innbyggarar, besøkande og bedrifter el.l.

Fordeling og utbetaling
Det kongelige kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv i tildelingsbrevet til
kommunane at «Målet med ordningen er å sette kommunene raskt i stand til å avhjelpe
situasjonen for lokale virksomheter for å opprettholde arbeidsplasser og viktig kompetanse i bedrifter."

Vi oppfordrar alle som har lidd økonomiske tap av smittevern tiltak direkte eller indirekte gjennom hele koronaperioden til å søke. Det er slik at dei som har fått tildeling i tidlegare runder kan søke i denne runden også, men tidligere tildelinger kan bli hensyntatt.

Søkjarar må vera registrert i Brønnøysundregistrene og ha forretningsadresse i Vang
kommune.


For at saksbehandler som skal kunne vurdere søknaden din ber vi deg svare på følgjande
spørsmål som underlag for beløpet som blir omsøkt.

Svar på spørsmåla vektlegges i tildelinga.

  1. Gje ein skildring av korleis verksemda er ramma av lokale og nasjonale tiltak.
  2. Gje ein skildring av kva konsekvensar dette har hatt (nedbemanning, nedstengning,permittering, redusert løn, redusert kontanter, utsatt vedlikehald, utsatt driftskritiske investeringar, etterslep av husleige etc.)
  3. Kva har blitt gjort for i å minimere tap/kostnader?
  4. Gje ein skildring av postene det søkes kompensasjons for. Vis gjerne til underliggande tal for omsøkt beløp og samanhengar til rekneskap.

Spørsmål til ordninga kan stillast til:
Dag Inge Bruflot - e-post : daginge@vangivaldres.no eller
Stabsjef Ole Martin Alfstad e-post : ole.martin.alfstad@vang.kommune.no