Ny kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder i Vang kommune ramma av koronatiltak.

Søknadsfristen er 15. september 2021.

Vang kommune er tildelt kr. 365.000 i kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. 

Målsetting

Målsettinga med tilskotet er å setje kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særlig hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal også fungere som ein kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har kome heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Dette gjeld særlig støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging. Det er frå departementet gitt kommunane betydelig friheit til å tilpasse kva slags verksemder som kan få støtte, avhengig av den lokale situasjonen.

Søknader blir heilheitsvurdert i samsvar med følgjande tre kriteriar :

  • Rekneskapstal og tildelt støtte – påløpte og uunngåelige kostnader, omsetningsfall, rekneskapsmessig tap, kostnadstilpasning, grad av dekning på andre støtteordningar og risiko for konkurs.
  • Vurdering – i kva grad verksemda er berørt av smittevernrestriksjonar og nedstengingar, ukompensert arbeidsbelastning på leiande og eigne tilsette, risiko for permanent tap, opningskostnader etter nedstengning  og utsatt driftskritisk vedlikehald på driftsmidler.
  • Betydning for attraktivitet – verksemda betydning for lokalsamfunnet og næringslivet i Vang  -  attraktivitet med omsyn til innbyggarar, besøkande og bedrifter el.l.

Fordeling og utbetaling
Det kongelige kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv i tildelingsbrevet til kommunane at "750 millionar kroner fordeles til kommunar etter antalet tilsette i overnattings- og serveringsbransjen i kvar  kommune, sports- og fritidsverksemder (utanom idrettslag), detaljhandel (utanom dagligvare) og reisebyråer og -arrangører for 2. og 3. kvartal 2020, med de kvartalstall som totalt sett er mest fordelaktig for den enkelte kommune."

Vi oppfordrar alle som har lidd økonomiske tap av smittevern tiltak direkte eller indirekte gjennom hele koronaperioden til å søke. Det er slik at dei som har fått tildeling i tidlegare runder kan søke i denne runden også, men tidlegere tildelingar kan bli tatt omsyn til.

Søkjarar må vera registrert i Brønnøysundregistrene og ha forretningsadresse i Vang kommune.

For at saksbehandlar som skal kunne vurdere søknaden din ber vi deg svare på følgjande spørsmål som underlag for beløpet som blir omsøkt..

Svar på spørsmåla vektlegges i tildelinga.

  1. Gje ein skildring av korleis verksemda er ramma av lokale og nasjonale tiltak.
  2. Gje ein skildring av kva konsekvensar dette har hatt (nedbemanning, nedstengning, permittering, redusert løn, redusert kontanter, utsatt vedlikehald, utsatt driftskritiske investeringar, etterslep av husleige etc.)
  3. Kva har blitt gjort for i å minimere tap/kostnader?
  4. Gje ein skildring av postene det søkes kompensasjons for. Vis gjerne til underliggande tal for omsøkt beløp og samanhengar til rekneskap. 

Spørsmål til ordninga kan stillast til Dag Inge Bruflot  - e-post : daginge@vangivaldres.no eller Stabsjef Ole Martin Alfstad  e-post : ole.martin.alfstad@vang.kommune.no