No kan du søkje om kulturmidlar for 2020

Det er no tid for å søke om kulturmidlar i Vang kommune, og her er ein oversikt over kva du kan søke på.

  •  Kulturmidlar 2020 til lag i kommunen
  • Stipend til idrettsungdom (frå 16-25 år) som tevlar på nasjonalt nivå
  • Tilskot til istandsetting av gamle hus
  • Tilskot til forskjønnings- og trivselstiltak
  • Søknad om spelemidlar
  • Tilskot til idrettsanlegg og tiltak for friluftsliv

 Du finn informasjon, retningsliner og eige søknadsskjema her.

Klikk for stort bilete Søknad sendast til Vang kommune innan 27. mars 2020 v/Oppvekst, kultur. og integreringsetaten.

Vi skal ha møte måndag 20.april i Vang idrettsråd og tysdag 21.april i Vang musikkråd. Begge desse møta er kl. 19.00-21.00 på møterommet Helin på kommunehuset. Her skal vi lage innstilling til fordeling av kulturmidlar i Vang til lag knytt opp mot desse råda.