No er samfunnshusa og Vangshallen opna for aktivitet!

Kriseleiinga i Vang kommune opna for aktivitet i Øye og Åsvang samfunnshus frå 1. juni, og Høre samfunnshus og Vangshallen (inkludert klatreveggen) frå 20. juni.

  • Alle som skal drive med aktivitet i samfunnshusa/hallen har ansvar for å sette seg grundig inn i og følgje rettleiaren for smittevern. Rettleiaren kan du sjå her.
  • Før oppstart, må kvar gruppe/klubb ha ein smittevernansvarleg. Kommunen skal ha tilsendt namn, telefonnummer og e-postadresse på smittevernansvarleg, samt tidspunkt og dagar for aktiviteten. Slik har me også oversyn over kor mykje aktivitet det reelt er i husa våre. Frivilligsentralen koordinerer denne oversikta. Send kontaktinfo og aktivitetstider til frivilligsentralen@vang.kommune.no
  • Smittevernansvarleg må føre oppmøtelister, slik at ein har ein god oversikt med tanke på eventuell smittesporing i tilfelle utbrot av korona. Kommunen treng ikkje denne lista, men laga må sjølv ha oversikt.
  • Vi tar utgangspunkt i at de nyttar allereie tildelte tider. For eventuelle avklaringar om tidspunkt tar de kontakt med vaktmeister som normalt.
  • I rettleiaren ligg det krav til utvida reinhald. Alle grupper må vaske over alle kontaktflater etter bruk. Det gjeld også toalett. Dørhandtak skal også desinfiserast. Dette må de gjennomføre i den tida de har/får tildelt, så lokalar og utstyr er klart for neste gruppe. Garderobane vil vere stengt.
  • Inntil vidare er det 20 personar som er grensa på treningar/øvingar. Arrangement med inntil 50 personar er tillatt på visse vilkår, sjå føringane i rettleiaren. Vi forheld oss til nasjonale føringar, og dette talet kan endre seg etter kvart.

Klikk for stort bilete