Niste med noko attåt

Frivilligsentralen og biblioteket startar opp ein ny, fast møteplass, nemleg ‘Niste med noko attåt’. Kvar måndag frå kl. 11:30 til 12:30 er folk velkomne til å spise nista si saman på biblioteket – og det er sjølvsagt lov å kome utan niste óg.

Dette er meint som ein uformell møteplass som er ope for alle, og vi håper å få besøk både av folk som er heime og ønskjer sosial kontakt, og folk som er på jobb på andre arbeidsplassar.

Det å møtest og prate saman står i fokus, men kvar veke vil det også vere små kulturelle innslag. Det kan vere litt høgtlesing, litt musikk, nokon som fortel om eit aktuelt emne osv. Det vert servert kaffi og te.

Alle må følgje gjeldande smittevernreglar. Hald avstand, ha god handhygiene, og ikkje møt om du har luftvegssymptom. Frivilligsentralen fører deltakarlister for eventuell smittesporing.

Vedlagt foto frå ein lunch på biblioteket i 2019.