Nasjonal pårørandeundersøking – delta her!

Om lag 800 000 nordmenn er til ei kvar tid i ein pårørandesituasjon.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å utarbeide ein Nasjonal pårørandestrategi, og ynskjer innspel til denne mellom anna gjennom svar på pårørandeundersøkinga. Det er Pårørandealliansen som gjennomfører undersøkinga i samarbeid med helsedirektoratet.

Undersøkinga finn du her: https://no.surveymonkey.com/r/QQ2QWPN

Det tek om lag 6-8 minutt å svare.

Pårørandeundersøkinga 2016 fekk svar frå 3 127 pårørende. Dessverre var det berre 8 % menn som svarte på undersøkinga. I år er målet endå høgare både i forhald til antal respondentar og fordeling av kjønn! Vi håpar også å få fleire unge til å svare på denne undersøkinga.

 Vi stiller mellom anna spørsmål om:

•       kva og hvor mykje ein gjer som pårørande

•       konsekvensar for eigen yrkesdeltaking eller studiar

•       påverking på eiga helse

•       ynskje om forbetringar

•       kvar finn ein informasjon eller råd

Meir informasjon om regjeringa sin pårørandestrategi https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/en-viktig-ressurs/id2578933/