Musikken etter korona

Klikk for stort bilete- De første sangene jeg skrev, var spede forsøk på å gi en stemme til den stemmeløse naturen, har Moddi sagt om sin motivasjon for å starte med musikk. 

Onsdag 14. oktober kjem artisten til Vang Folkebibliotek for å snakke om nettopp dette: naturen og musikken. Korleis leve som artist i koronaen og klimakrisa si tid?  

Pål «Moddi» Knutsen kjem rett frå ein ti-dagars karantene etter to veker på turne i Tyskland. Han skulle eigentleg vore på turne også i Sveits, Nederland og Storbritannia, men på grunn av korona og reiserestriksjonar vart det berre Tyskland i denne omgang. 

Klikk for stort bilete Moddi vil i samtale med Julie Forchhammer fortelje om korleis livet er som musikar i 2020, når spelejobbar blir avlyst og heile konsertbransjen er i krise. Han vil også snakke om korleis ein som musikar kan turnere mest mogleg bærekraftig (når ein først gjer det), og korleis ein kan bruke musikken som eit politisk reiskap. 

På albumet «Unsongs» frå 2016 spelte Moddi inn sangar frå heile verda som i si tid var forbode. Utgjevinga vart mottatt med stor entusiasme i både inn- og utland, og resulterte i både ei bok og ein dokumentarfilm. Moddi slapp i fjor albumet «1968» og jobbar for tida med fleire nye musikkprosjekt. Moddi spelte på Vinjerock i 2017 og på eindagsfestivalen «Vårt Nabolag» på Vang mottakssenter i 2018.

Klikk for stort bilete Apropos Vinjerock, det blir meir prat om festival og korona denne kvelden. Då Sigrid Skjerdal tok over som ny festivalsjef for Vinjerock i 2019 var ho lykkeleg uvitande om at COVID-19 var i ferd med å endre livet, og musikklivet, for heile verda. Etter samtala med Moddi vil Sigrid fortelje om korleis det er å arbeide med festival i koronaens år, og kva for håp ho gjer seg for festivalbransjen framover.

Til slutt denne kvelden blir det noko vi har opplevd så alt for lite i  2020: Musikk! 

Moddi har med seg gitar og avsluttar kvelden med ein mini-konsert.

NB: i haust har vi plassrestriksjonar, og det er i ferd med å fylle seg opp. For påmelding: send namn og telefonnummer til frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73. Alle må følgje gjeldane smittevernreglar.