Melding om fastsett planprogram for Klukkargrende bustadområde

Kommunestyret fastsette i møte 13.12.2019 planprogram for Klukkargrende bustadområde

Kommunestyret behandla i møte 13.12.2019 sak 114/19. I samsvar med forskrift for konsekvensutgreiing § 6 vart det fatta fylgjande vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova §§ 4-1 andre ledd og 12-9 tredje ledd, og forskrift om konsekvensutgreiing § 6 b), vedlegg 1, pkt. 25, fastsett Vang kommune «Planprogram Klukkargrende» på gnr. 42 bnr. 1.

Kommunestyret presiserer at ulike vatn- og avløpsløysingar skal vurderast særskilt, og opnar opp for mellombels løysing for vatn og avløp jf. kommuneplanen for Vang kapittel 1.8, dersom tilstrekkeleg vatn kan dokumenterast jf. pbl. § 27-1. Rammeplan VA for Vang sentrum vil prioritere utbyggingsetappane av kommunalt vatn og avløp til dei ulike områda i Vang. Kravet om tilkopling til kommunalt VA vil framleis gjelde jf. kommuneplanen, uavhengig av mellombels løysing. Vatn- og avløpsplan skal fylgje reguleringsplanen til behandling.

I samsvar med forskrift om konsekvensutgreiing § 6 er det fastsette planprogrammet og saksprotokollen sendt til dei som har uttala seg om forslaget. Sentrale saksdokument er tilgjengelege på heimesida til kommunen til 24. januar 2019.

Ein kan ikkje setje fram klage på det fastsette planprogrammet.