Magnor Wigdel vart vinnar av Positivprisen 2017!

Åsta Brenna hadde som vanleg laga til eit variert program under bokkvelden i Vang onsdag kveld.

Frå Gudbrandsdalen stilte Endre Sjåk og Pål Svindland som formidla boka Markens Grøde av Knut Hamsun. Det er i år 100 år sidan boka vart gjeven ut. Torodd Lybeck fortalde om boka si 222 fossar i Valdres og viste fine bilete frå fleire av fossane i Vang.

Sørre Hemsing stilte med god traktering og Libris Fagernes selde bøker. Lennart Krohn-Hansen orienterte om sitt forlag og det var også mogleg å få kjøpt bøker han har gjeve ut.

Siste post på programmet var utdeling av Positivprisen for 2017. Magnor Wigdel får prisen for å stille opp i ulike lag og organisasjonar og han  har bidrege svært positivt i mange aktivitetar i Vang dei siste åra.

 

 

Magnor - Klikk for stort bilete Me nemner Vang pensjonistlag, Vang eldreråd, Vi menn i Vang, Vang mållag, han er aktiv i bridgeklubben, har arrangert kurs i baking, og om fotografering og blomster har Magnor lært bort mykje til mange.

Han stod med hovudansvar for å få sett opp ei grillhytte oppe på Fugleberg, det har teke mykje tid å organisere, skaffe pengar, skaffe dugnadsfolk og derfor var det svært gledeleg når me kunne innvie hytta no i haust.

Magnor har ein logn og fin væremåte, han er målretta, men forsiktig i si framferd. Magnor Wigdel er ein verdig vinnar av Positivprisen 2017.