Køyreteori i Vang!

skilt - Klikk for stort bilete Onsdag 19. september kl 19.00 startar Vang frivilligsentral opp med studiegruppe for dei som les køyreteori, på Vang folkebibliotek.

Jon Heimlid stiller som frivillig lærar, han har mykje erfaring med både praktisk og teoretisk køyreundervisning. Studiegruppa held på kvar onsdag fram til 21. oktober, og er ope for alle som les til teoriprøva.

Vel møtt!