Koronavaksinering i Vang

I veke 30 og 31 får Vang kommune 518 vaksinedosar. 108 av desse går til vaksinering av andre dose. Då har vi 410 dosar att til fyrstegongsvaksinering. Det vil sei vi har vaksiner nok til alle som vil vaksinerast i Vang kommune.


Ring legekontoret på telefon 61 36 95 00 om du ynskjer time til fyrste vaksineringsdose i veke 30 eller 31. Vi vaksinerer frå 18 år og oppover.


Tidspunkt for dose to blir avtalt når du får fyrste dose.