Koronavaksine - tilbod om 4. dose til dei som er 80 år og eldre

Folkehelseinstituttet opnar for at personer 80 år og eldre som har fått 3 doser og ikkje har hatt koronasjukdom etter dette, kan få ei ny oppfriskingsdose dersom dei sjølv ynskjer det. Dosen kan bli gjeve tidligast 4 månadar etter siste oppfriskingsdose

Praktisk gjennomføring

Ettersom tilbod om vaksine til personar 80 år og eldre ikkje er ei generell tilråding, men eit tilbod til den einskilde, så vil ikkje kommunen aktivt kalle inn til vaksinasjon.

Ynskjer du slik oppfriskingsdose?

  • Ring legekontoret tlf. 61 36 95 00 for å avtale time for vaksinering. 
  • Fyrste vaksinedag blir onsdag 4 mai frå kl. 11 på biblioteket.