Koronainformasjon 21.01.2022

Her kan du lese meir om utdeling av hurtigtestar, pcr-testing, tilbod om vaksine til barn 5-11 år og talet smitta.

Utdeling av hurtigtestar

I tråd med nye retningslinjer frå regjeringen, blir det no lagt opp til meir sjølvtesting og mindre karantene.  

Kriteria for å få gratis hurtigtest frå kommunen er at: 

  • du har symptom som hovudepine, halsvondt, hoste, feber eller generell sjukdomsfølelse. 
  • du bur saman med ein som er smitta
  • du har fått melding om at du er nærkontakt 

Du kan ringe koronatelefon, tlf. 90 51 26 59, på kvardagar mellom kl. 09:00-13:00 for å avtale utlevering av hurtigtest.

Meir om utlevering av hurtigtestar i Vang kan du lese her. 

 

Testing på teststasjon /pcr-test 

Du kan ringe legekontoret, tlf. 61 36 95 00, på kvardagar mellom kl. 08:30-15:00 for å avtale tid for test.

Meir om pcr-testing i Vang kan du lese her. 

 

Vaksine til barn, 5 - 11 år

Den 14. januar bestemte regjeringa at føresette med barn født i 2010 til 2016 kan la sitt barn vaksinere dersom dei ynskjer det. Dei som ynskjer vaksine til sine barn i denne aldersgruppa må melde frå til legekontoret om dette så snart som råd, og helst innan 28. januar. 

Legekontoret kan du ringe på telefon 61 36 95 00.

Samtykkeskjema

Alle under 16 år må ha med eit ferdigutfylt samtykkeskjema når dei møter til vaksinering. 

Samtykkeskjema, vaksinering av barn og unge som ikkje har fylt 16 år.

Dette skjemaet må vere signert av begge foreldre dersom både mor og far har foreldreansvar.

OBS: Nederst i dette skjemaet er det ei lenke til egenerklæringsskjema. Denne lenka kan du sjå bort i frå.

Smittetal i Vang 

Kommunen si oversikt over smittetal finn du her.