Kompensasjonsordning for bustadbygging

Vang kommune har ei skikkeleg gladnyheit å kunngjere til dei som har planar om å bygge seg bustad. Kommunestyret vedtok 16 juni å innføre ein tidsavgrensa kompensasjonsordning for bustadbygging for fast busetjing i Vang kommune.

Følgjene ble vedtatt:

  • Kompensasjon for bygging av einebustad i Vang kommune på kr. 250.000,- i tidsrommet 1. juli 2022 til 31. desember 2023.
  • Bygging med utleigedel med kr. 50.000,- i tidsrommet 1. juli 2022 til 31. desember 2023.
  • Kompensasjon for bygging av bustader med fleire einingar på kr. 200.000,- pr. eining i tidsrommet 1. juli 2022 til 31. desember 2023.
  • Tomter i Føsselie som er seldt innan 31. desember 2022 rabattars med 50%. Kontrakt må vere signert innan 31.desember 2022.
  • For unge etablerarar t.o.m. 35 år gis ekstraordinær kompensasjon på kr. 100.000 for bygging av einebustad med livsløpsstandard.

Tilsegn om kompensasjon blir gjeve ved igangsettingsløyve. Utbetaling av kompensasjonsbeløp blir gjeve ved utsteding av ferdigattest. Kommunestyret løyver inntil 2.000.000 kr finansiert frå næringsfondet, til denne ordninga i 2022.

Du finn meir informasjon her

Har du spørsmål kan du kontakte teknisk sjef Morten Johan Johansen på epost til Morten.Johan.Johansen@vang.kommune.no