Julehelsing frå ordføraren

2021 har vorte dominert av koronapandemien. Eit ukjent tal på  timar har vorte lagt ned i kommunen for å gjennomføre planlegging, testing, vaksinering og ikkje minst tilrettelegging. Særleg er helse- og omsorgsetaten og spesielt dei i 1. linje tenesta råka. Men også innan utdanning og kultur er det svært krevjande tider.  De skal iallfall vite at Vang kommune er langt framme i dette arbeidet , utfordringar blir teke tak i raskt og løysingar blir funne. Ordførar er svært takknemleg for den innsatsen som blir lagt ned. Gode ord er ikkje alltid nok, men blant anna gjennom statlege kompensasjonsordningar og god organisering lokalt,  håpar eg at samla sett vil dette bidra til at de vil stå i dette vidare. Saman skal me klare dette. Enkelte næringar merkar sjølvsagt også nasjonale tiltak. Her er det blant anna kome nye kompensasjonsmidlar som kommunane kan dele ut etter søknad. Eiga informasjon blir sendt bedriftene. Me håpar dette kan vere med å hjelpe til noko i ein elles vanskeleg situasjon.

Enkelte av dykk må vere i karantene i julehøgtida. Det er krevjande, men det må til. Me andre må gjere det me kan for å unngå å bli smitta eller smitte andre. Følg dei etter kvart så kjente smittevernråda!  MEN det er så viktig å hugse på at ingen kan noko for at ein blir smitta, eller for at ein smittar vidare.  Viruset er der blant oss. Derfor ber eg nok ein gong om  at alle som ikkje har vaksinert seg vurderer dette ein gong til.

Kor lenge denne pandemien vil vare  er det ingen som kan si. Det positive no er at fleire og fleire vaksinerer seg, at svært mange i kommunen har fått si tredje dose og at det trass alt går mot lysare tider. Sola har «snudd». Uansett; eg håpar at alle kan få slappe av litt i juleferien. Hugs på kvarandre, ta ein telefon til den som sit mykje åleine, lag så god julestemning som mogleg og hygg deg med god mat og drikke. Julesnøen kom også som bestilt, det blir lysare og lunare ute. Eg ynskjer alle ei retteleg god jule- og nyttårsfeiring.

 

Vidar Eltun- ordførar.