Vang kommune har tidlegare som einaste kommune i Valdres skrive ut feiegebyr knytt til eksakt utført feiing. Dette må no endrast til same rutine som dei andre fire eigarkommunane.
Det vil seie at frå og med 2018 er det innført årleg feiegebyr i Vang kommune. Feiing er no behovsprøvd og treng ikkje nødvendigvis å bli utført ein gong per år.
Om faktura- grunnlaget på antall piper er feil, kan du gje oss ei attendemelding på dette ved å sende inn eit elektronisk klageskjema, som du finn her.
Eventuelle klager på utført teneste må gjerast til VBRIKS. Vang kommune kan berre svare på spørsmål knytt direkte til fakturaen (talet på piper).
På VBRIKS sine heimesider (www.valdresbrannvesen.no) finn du skjema for fritak for feie- og tilsynsgebyr.
Feietenesta kan kontaktast på telefonnummer 901 76 584.