Første faktura for feie-/tilsynsgebyr for fritidsbustader og støler er sendt ut. Fakturaen har gått ut til alle eigarar av fritidsbustader. Tilsyn/feieravgifta faktureres som en à konto, framfor ein stor faktura etter kvart besøk. Tilsyns- og feieravgifta er berekna ut frå sjølvkostprinsippet, det vil si at vi ikkje skal ha forteneste på dette.
Det er i første omgang fakturert for 1 pipe pr. eigedom. Antallet piper vil kunne bli endra etter at feiaren har vore innom alle eigarar på tilsyn.
Pipe 1: kr. 300,- pr. år inkl. mva.
Pipe 2: kr. 150,- pr. år inkl. mva.
Har du ikkje pipe og har fått tilsendt faktura for feiing/tilsyn, gje tilbakemelding til Valdres brann- og redningstjeneste IKS: post@valdresbrannvesen.no.
Forebyggende forskrift
I 2016 kom ei ny forskrift om brannforebygging som omhandlar feiing og tilsyn av alle bustader, fritidsbustader og støler.
Gebyr
Alle blir fakturert eit årleg tilsyns- og feiegebyr. Tilsyn og feiing vil ikkje bli gjennomført kvart år, men behovsprøvd i fohold til bruk og tilstand i skorsteinen og fyringsanlegg.
Feiing og tilsyn
Det viktigaste førebyggjande tiltaket til fritidsbustader og støler, er tilsynet som utføres. Ved eit tilsyn blir det undersøkt at skorstein og ildsted er i tilfredstillande stand og at alt er forskriftsmessig montert. Feiing blir utført ved behov. Eier eller representant må vere til stades da feieren er avhengig av å komme inn for å gjennomføre tilsynet.
Du vil motta SMS frå feiaren når det er tid for feiing/tilsyn hos deg.
Du mottek en SMS frå "Feiaren" som er ditt brannvesen når det er tid for å utføre feiing/tilsyn på bustad/fritidsbustad/støl. SMS-varslinga starter alltid med følgjande tekst: https://q.norkart.no/xxxx. Du kan også logge deg inn via hjemmesiden https://www.valdresbrannvesen.no/.
Ved spørsmål om feiing og tilsyn eller faktura som gjelder feiing/tilsyn, kontakt Vidar Nilsen i Valdres Brann- og redningstjeneste IKS, tlf. 90176584.
KONTAKTINFO
Kjell Ivar Haugen
feierformann
tlf. 90856810
Vidar Nilsen
leder forebyggjande
tlf. 90176584