Info om Skutshødn

På kommunestyremøtet 8. september kjem Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) saman med Statsforvaltaren i Innlandet (SFIN) for å halde orienteringar om situasjonen med fare for ras og flaumbølgje ved Skutshødn.

Dei som er interessert kan følgje orienteringa her frå klokka 12.00. De kan også sjå dette i etterkant av møtet.

https://www.vang.kommune.no/undermeny/politikk-ordforar/stroyming-av-moter/

Det er ein uheldig situasjon me har kome i her, det mange spørsmål og mykje usikkerhet om korleis denne situasjonen vil påverke Vangssamfunnet, og spesielt områda kring Vangsmjøsa, på kort og lengre sikt. Me jobbar no iherdig for å kartleggje situasjonen og byggje opp kompetanse på dette området. Saman med alle etatar og verksemder i kommunen, tillitsvalde, overordna myndigheiter, naudetater og andre skal me gjere risikoanalyser, utarbeide planar for beredskap, varsling og evakuering og finne ut korleis me skal tilpasse oss og leve med denne situasjonen framover. Dette skal me få til, men det vil ta noko tid og krevje ressursar frå alle etatar og stab. Informasjon er viktig undervegs, og denne orienteringa er fyste steg.