Høyring – Ny kommunal forskrift om hald av og bandtvang for hund, Vang kommune, Innlandet

Vang kommune sender med dette på høyring forslag til ny forskrift om hald av og bandtvang for hund.

Hovudutval for utvikling har i møte den 05.10.2021 vedteke å sende forslag til ny kommunal forskrift om hald av og bandtvang for hund ut på høyring. Den nye forskrifta vil erstatte eksisterande forskrift av 22. mars 2018  (forskrift om hald av og bandtvang for hund, Vang kommune, Oppland).

Det er foreslege å fjerne bandtvang i alle maskinpreparerte skiløyper i kommunen. Dette er grunna ein manglande individualisering av skiløypene, noko som er eit krav jamfør hundeloven § 6 bokstav c.

Det er også foreslege å fjerne bestemmelsane om særleg sikring av hund der tamrein beiter, unntak for hund som vert nytta i reindrift, dresserte gjetarhundar under gjeting, ettersøkshundar, politihundar, militærhundar og redningstenesta sine hundar i arbeid/teneste, jakt, jakthundtrening, jaktprøver, ettersøk, utforming av liggje- og eller lufteplassar, dispensasjon, anna lovverk, sanksjonar og straff. Dette er grunna eksisterande bestemmelsar som omtalar dette i nasjonale lovar eller manglande heimelsgrunnlag til å omtale dette i eigen lokal forskrift.

Vidareføring av eksisterande bestemmelsar er foreslege med mindre endringar.

Innspel kan sendast som brev til Vang kommune eller pr. e-post til post@vang.kommune.no.

Frist for innspel er sett til innan 29. november 2021.

Spørsmål kan rettast til underteikna pr. e-post: bjornar.sethershagen@vang.kommune.no.

Dokument:

Forskrift om hundehald, Vang kommune, Innlandet(391411) (PDF, 882 kB)

Forslag til lokal forskrift(390163) (PDF, 705 kB)