Hels på vår nyaste tilsette Kommune-Kari

Klikk for stort bilete De kan treffe Kommune-Kari på nettsida vår. Ho kan hjelpe dykk med å finne fram til informasjon på nettsida, og svare på enkle spørsmål.

Ho har alt lært seg ganske mykje, men kan alltids lære meir.

Vi skal no prøve å sjå korleis tenesta fungerer i to månader, før ho eventuelt blir fast tilsett. Derfor tek vi gjerne i mot tilbakemeldingar frå dykk.