Gratis påskeferie til familiar med svak økonomi.

Røde kors tilbyr gratis ferie til familiar med låg inntekt. Har du minimum eit born i barneskulealder kan du no søke om påskeferieopphald på enten Stöten Hotell i Sälen, Idre Fjäll eller Merket røde kors-senter.

Gjennom Ferie for alle får familiar med svak økonomi tilbod om ein aktiv ferieoppleving for heile familien. For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman. Då får familien moglegheit til å dele gode opplevingar og skape felles minner.

Les meir om tilbodet på https://www.rodekors.no/tilbudene/ferie-for-alle/

Du kan ikkje søkje til Ferie for alle som privatperson.
Ta kontakt med Marte Tangen på frivilligsentralen - ho hjelper deg vidare, og sender inn sjølve søknaden på vegne av deg og familien.

Ta kontakt på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller på tlf. 61 36 94 25/468 16 473, eller kom innom på Vangstunet for ein prat i ordinær opningstid, som er måndag, tysdag og onsdag frå 11.00 til 15.00.

Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt.


Frist for å søkje ferieopphald i påskeferien 2018 er sett til 23. februar.