Fleirkulturell julelunsj!

Torsdag 14. desember kl 11.30 inviterer vi til fleirkulturell julelunch på biblioteket/frivilligsentralen i Vang. Det blir gratis julemat, historier og song frå mange ulike land, mellom andre Nigeria, Bosnia og Etiopia.

mat 2 - Klikk for stort bilete Vi får høyre litt om Valdrestradisjonen med kristenteppe, og om korleis muslimar og kristne i Syria besøker kvarande under dei ulike høgtidene, og om katolsk julemesse i Albania.

Det blir også norsk julegrøt med mandel i, og ein smak av rakfisk. Alle er velkomne - og om nokon vil bidra med eit juleminne eller ein song så ta gjerne kontakt! :)