Fleire smitta på Fondsbu

Fire tilsette på Fondsbu har luftvegssymptom. To av desse er bekrefta smitta, ein av desse ved hjelp av hurtigtest, den andre ved hjelp av PCR-test. Dei to siste har vi enno ikkje fått endeleg svar på. To tilsette er heimehørande i Vang kommune.

Kommuneoverlegen og hennar team som arbeider med testing, isolasjon, smittesporing og karantene (TISK-teamet), har hand om saka. Alle som har vore på Fondsbu er i karantene for å hindre smittespreiing.