Ferie for alle

Røde kors tilbyr gratis ferie til familiar med låg inntekt. Har du minimum eit born i barneskulealder kan du no søke om opphald på Merket røde kors-senter i vinterferien.

Gjennom Ferie for alle får familiar med svak økonomi tilbod om ein aktiv ferieoppleving for heile familien. For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman. Då får familien moglegheit til å dele gode opplevingar og skape felles minner.

Les meir om tilbodet på https://www.rodekors.no/tilbudene/ferie-for-alle/

 

Du kan ikkje søkje til Ferie for alle som privatperson.
Ta kontakt med Marte Tangen på frivilligsentralen - ho hjelper deg vidare, og sender inn sjølve søknaden på vegne av deg og familien.

Ta kontakt på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller på tlf. 61369425/46816473, eller kom innom for ein prat i ordinær opningstid, som er måndag, tysdag og onsdag frå 11.00 til 15.00.

Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt.
Frist for å søkje ferieopphald i vinterferien 2018 er sett til 18.januar.