Familieaktivitetar i vinterferien

 Vang frivilligsentral og Vang læringssenter inviterer til utandørs leik og moro for heile familien i vinterferien - med ski, aking og klovneforestilling!

Vi har allereie gjenomført ein ski- og akedag på Åsvang. Onsdag 3. mars kl 12-14 blir det aking og leik utanfor VBU, då kan du også låne akematter, onefoots, truger osv frå BUA.

Fredag 5. mars kl 11 blir det Tryll og Tull når The Flying Seagulls kjem til amfiet utanfor VBU, med ei fantastisk klovneforestilling fylt med latter, musikk og magi! Kompaniet har lang erfaring med å spreie glede og latter verda rundt, og dei har spelt ei rekke utandørsforestillingar det siste året der smittevern er godt ivaretatt. Forestillinga er støtta av Bagn og Reinli Sanitetsforening.

Alle arrangementa er meint for familiar, der foreldra sjølv har ansvar for å passe på ungane, og for å følgje smittevernreglane. Ta med sitteunderlag, godt med klede, og evt eigen mat/drikke.

The flying seagulls Tor Ole Ree