Enno fleire områder i Vang får tilbod om fiberutbygging

Heilt sidan 2015 har det vorte bygd ut fiber til bustader og næringsdrivande i Vang. Store deler av Vang har no fått tilbod om fiber, men enno står nokre områder att.

Klikk for stort bilete  Planen er at så raskt som mogleg skal alle heimar og næringsdrivande få fiber. Ordninga blir finansiert av statlege, fylkeskommunale og kommunale tilskot.  Nokre hytteområder har også fiber, men dette blir bygd ut kommersielt av utbyggingsselskapa.

I denne anbodsrunda  er det totalt 1700 heimar i Valdres som får tilbod om fiber. Du kan lese meir om og få svar på dine spørsmål om fiberutbygging i Vang og Valdres på denne internettsida: www.bredbandivaldres.no