Ein samarbeidsavtale er inngått mellom Vang kommune og Tyin Filefjell Hytteforum. (TFH)

Ein avtale mellom partane vart underteikna 12. november 2018, og formaliserer i stor grad den kontakt som nokre år har vore i gang med om lag to årlege møter.

Vi ynskjer å gjere avtalen kjend både blant hyttefolk og i kommuneorganisasjonen slik at dette blir eit møtepunkt der tema kan drøftast på ein strukturert og effektiv måte.

Du kan lese heile avtalen her (PDF, 734 kB).