Eigenberedskap i Noreg.

Beredskap - Klikk for stort bilete Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn der vi er vant til at det meste fungerar som det skal. Livet i Noreg er imidlertid heilt avhengig av blant anna strøm, vatn og internett – og nettopp det er vår største sårbarheit.

Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

Når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Derfor ber vi alle husstandar i Noreg om å ta nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap. I dette heftet går vi igjennom dei grunnleggjande tinga du bør ha tenkt gjennom, og konkrete døme på korleis du kan klare deg sjølv i minst tre dagar ved ei hending.

Les meir her.