Detaljregulering Reikesteinsøddin - høyring/offentleg ettersyn

Detaljregulering for Reikesteinsøddin, planID 2020002, blir med dette lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningsloven §§5-2 og 12-10.

Saksopplysningar

Føremålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for reinseanlegg, utarbeide VA-plan , endre arealformål for gnr/bnr 2/198 og leggje til rette for tverrfløy på fritidsbustadane innanfor planområdet. 

Dokumenta slik dei vart lagt fram for Hovedutval for utvikling:

Planpakke hovedutval

Planbestemmelse og planbeskrivelse er oppdatert i etterkant av møte i hovedutval for utvikling med ei retting. I forslaget som vart lagt fram for hovedutvalet vart det begrepet takutstikk brukt, men det var meint tverrfløy. Dette er retta opp i planbestemmelse og planbeskrivelse: 

Planbestemmelser Reikesteinsøddin 300621 - rev etter vedtak (380421) (PDF, 363 kB)

Planbeskrivelse reguleringsplan Reikesteinsøddin etter vedtak (380422) (PDF, 2 MB)

 

Har du merknad til planen?

Merknad må merkast med "Sak 20/438 Reikesteinsøddin" og  sendast skriftleg til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, eller på e-post til post@vang.kommune.no. Frist for å koma med merknadar er sett til 6. september 2021.

 

Generelle opplysningar

Merknadar som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarar difor ikkje på merknadane enkeltvis.