Detaljregulering Bygdin - høyring/offentleg ettersyn

Detaljregulering for Bygdin, planID 2019003, blir med dette lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningsloven §§5-2 og 12-10. 

Saksopplysningar

Føremålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for tiltak som kan bidra til å styrke Bygdin som turiststad.

Hovudutval for utvikling vedtok i møte 15.06.2021,sak 043/21, å leggje detaljregulering Bygdin ut på høyring og offentleg ettersyn. Verdt å merke seg er at hovudutval for utvikling vedtok å ta ut områda BH4, BH5 og SPP8 av planforslaget, og utnyttingsgraden for område BFF1 vart vedteke redusert. Plandokumenta som blir sendt over har ikkje desse endringane innarbeidt, men endringane kjem fram av saksframlegget. Plandokumenta vil bli oppdatert med desse endringane til sluttbehandling av planen. Flomsone for Fagerdalsbekken er lagt inn i plankartet. NVE har godkjent flomberekning for dam Bygdin, NVE ref. 201601154-22.

 

Har du merknad til planen?

Merknadar til planforslaget må merkast med «Sak 18/610 Detaljregulering Bygdin» og kan sendast skriftleg til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, eller på e-post til post@vang.kommune.no. Frist for å koma med merknadar er sett til 6. september 2021.

 

Generelle opplysningar

Merknadar som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknadane enkeltvis. 

 

Plandokument

Dokumenta slik dei vart lagt fram for Hovedutval for utvikling:

Planpakke hovedutval

Plankart, illustrasjonsplan, bestemmelser, planbeskrivelse oppdatert i etterkant av møte i hovudutval for utvikling med flomsone for Fagerdalsbekken:

Planbeskrivelse-04-06-21 (380378) (PDF, 7 MB)

Bestemmelser 04.06.2021 (380377) (PDF, 115 kB)

REG-PLAN-04-06-21 (380382) (PDF, 2 MB)

ILLUSTR-PLAN-04-06-21 (380381) (PDF, 2 MB)

21285-02-1 Flomfarevurdering for reguleringsplan ved Bygdin, Vang kommune (377986) (PDF, 11 MB)