Catskiing førehandsvarsling

Vang kommune er ein av 6 kommunar som har blitt valt ut til å bli med i forsøk med kommunale beltebilløyper for catskiing. Omgrepet catskiing nyttast om å transportere skiløyparar med løypemaskin eller beltevogn, slik at dei kan renne ned att utanfor preparert skibakkar. Raudalen Alpin og Tyin-Filefjell Utvilking vil samarbeide med kommunen om å etablere beltebilløyper. Beltebilløypene skal vere ei forlenging av eksisterande skiheis. Vang kommune startar no arbeidet med å utarbeide ei lokal forskrift, forskrifta vil bli sendt på høyring.

Vang kommune har starta på arbeidet med å utarbeide lokal forskrift med føresegn om bruken av løypene, herunder køyrefart og køyretid.  Forslag til forskrift vil bli sendt ut på høyring. I fasa kommunen er inne i no sendast det ut førehandsvarsel til rørte partar. Vang kommune set pris på innspel no tidleg i prosessen slik at kommunen kan få eit godt grunnlag for det vidare arbeidet.

Begge alpinanlegga i kommunen, Raudalen Alpin og Tyin-Filefjell Utvikling, vil samarbeide med kommunen om å etablere beltebilløyper. Det er tenkt ei beltebilløype ved kvart av anlegga, beltebilløypene skal vera ei forlenging av eksisterande heis. I søknad om deltaking i forsøk med kommunale beltebilløyper for catskiing omtalast dei to beltebilløypene nærare med forslag til løypetrase. Sjå "Søknad om deltakelse i forsøk med kommunale beltebilløyper for catskiing (297857) (PDF, 2 MB) "

Milljødirektoratet har gjennom miljokommune.no laga ein mal for fastsetting av snøskuterløyper som Vang kommune vil nytte i arbeidet med å fastsetje beltebilløype. Malen kan ein finne her: http://www.miljokommune.no/Temaoversikt/Motorferdsel/Motorferdsel/Fastsette-snoskuterloyper/
 

Innspel til arbeidet kan sendast til e-post: post@vang.kommune.no, eller pr. post: Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres.