Dette laget tek på seg å arrangere sjølve kinokvelden, og for dette får dei kr 1500,- kvar kveld med kinoframsyning. Laget som ønsker å ta oppgåva får opplæring. Oppgåve er for eit halvt år om gongen, og dersom det er fleire lag som ønsker denne oppgåva vert det laga til ei rulleringsliste. Søknadsfrist er 15. juni, og ein kan sende mail til postmottak post@vang.kommune.no i Vang kommune. Det er behov for ein person som må bere litt tungt, og det må vere med ein person som er med gjennom kinokvelden. Kino i Vang vert vist i auditorium på VBU på fredagar. Dette kan vere same person, men det er praktisk med to tilgjengelege personar frå laget kvar kinokveld. Laget må ha organisasjonsnummer.
Her kan du lese den delegerte saka i formannskapet
Ønsker:
Namn på lag
Organisasjonsnummer
Ta kontakt med Oddbjørn Skeie på tlf 95076539, om de lurer på noko.