Bokkveld og Positivpris utdeling i Vang

Guro Engen Dalåker

Onsdag kveld hadde Marianne Riste med gode hjelparar invitert til bokkveld i biblioteket.

Forfattar Thor Gotaas hadde ein heilt framifrå time der han engasjert og med tale på inn- og utpust, fortalde om skiløparar opp gjennom historia. Med mykje humor, mykje varme og ei og anna historie litt på kanten. Fantastisk å høyre på. Tusen takk!
 

Vidar Eltun

Bokhandelen på Fagernes, Norli, var til stades og selde bøker skreve av Gotaas og sjølvsagt mange andre bøker også. Mang ei julegåve vart nok handla der. Marte Tangen, leiar på Frivilligsentralen, fortalde om Foreningsportalen, alle frivillige lag og organisasjonar er no samla på eigen portal: https://www.vangivaldres.no/aktivitetar/foreninger/

Så var det eit vakkert musikalsk innslag med Kristina Heensåsen og Arthur Budvytis. Glad me har så dyktige utøvarar i bygda.

Tradisjonen tru vart kvelden avslutta med utdeling av Positivprisen. Ordførar Vidar Eltun innleia med å fortelje om alle forslag som var komne inn og takka for det. Juryen er samansett av formannskapet og representantar frå ungdomsrådet i kommunen. Frå ungdomsrådet var Pernille Langedrag  og Nora Asheim Remmen med. I formannskapet sit Bjørn Olav Søndrol, Bjørg Marie Hermundstad, Kristin Bakke Lajord, Leif Solemsli og ordføraren.

Vidare drog ordføraren fram grunngjevinga for tildeling av Positivprisen for 2022. Han sa mellom anna: «Vinnaren av Positivprisen i 2022 er verkeleg ein lagspelar. Som utan tanke på eiga vinning, står på for ei svært viktig gruppe for Vang; ungane og ungdommane våre. Etter at me fekk opna Vangshallen har idrettar og aktivitetar som ikkje vore så vanlege i Vang blomstra opp. Men det går ikkje utan at det er noko som står bak og får til aktivitet. For Vang kommune er det ei klart mål å gje ungane som veks op her gode levevilkår, de skal ha eit variert fritidstilbod og føle at det blir sett og ivaretekne. Me klarar kanskje ikkje å ha eit godt nok tilbod til absolutt alle, men det tilbodet det her er snakk om gjev god fysisk trening, meistringsfølelse og ikkje minst lagfølelse, vere ein del av noko.»

Ein stolt ordførar kunne så annonsere at vinnar av Positivprisen 2022 er Anita Olafsen, Marius Ekeberg og Yvonne Mæland.  Dei fekk varm applaus frå ein fullsett sal, vase frå Hadeland Glassverk og blomar overrekt av ordføraren.