Bokkveld med utdeling av positivprisen

Onsdag 1. desember kl. 19 er du velkomen til Vang folkebibliotek for å vere med på Bokkveld med utdeling av positivprisen

Det er moro å få presentere eit program med berre lokale ressursar:

* Hallgrim Børhus Rogn og Knut Lerhol fortel om den rykane ferske boka Badstufolk
* Anna Ødegården og Kari Hagaseth underheld med song
* Ordførar Vidar Eltun deler ut prisen til Årets positive vangsgjelding
* Boksal ved Norli Fagernes

Viss du vil sikre deg plass, meld deg på ved å sende ein epost til biblioteket@vang.kommune.no eller ringe 61 36 94 26 i biblioteket si opningstid.