Lensmannskontoret i Vang har sagt opp avtalen om kontroll av dyr/ fuglar som kan gje utbetaling av skotpremien. Frå 1. juli  vil det vera landbrukskontoret som tek kontrollen.

På kontroll skal ein ha med enten heile dyr eller bundet saman 2 føter på fuglar, eller 4 føter på dyr. Desse blir merka med spraymåling.

Det er ikkje skotpremie på grevling.

Rådmann i Vang gjennom 22 år, Reidar Thune, vart under kommunestyremøtet torsdag heidra for lang og tru teneste for Vang kommune.
Ordførar Vidar Eltun overrekte ei gåve, ei fiskestong med ekstrautstyr, no når Reidar kanskje får meir tid til hobbyen sin fisking.
Ordføraren sa i si takketale at Reidar har vore ein pliktoppfyllande, arbeidsam, lyttande, men også klar i sine meiningar overfor politikarane og dei tilsette i kommunen. Han har evna til å sameine både folk og vedtak.

 

 

 

I møte 23.5.19 (sak 026/19) fatta kommunestyret vedtak om mellombels forbod mot tiltak (bygge- og deleforbod)  innanfor kommunedelplanområdet på Tyinkrysset inntil vedtak av ny kommunedelplan, eller i inntill ½ år.

Forbodet er avgrensa til tiltak etter Plan- og bygningslova som ikkje er i samsvar med forslaget til ny kommunedelplan, og som vil gjera det vidare planarbeidet vanskeleg. Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast etter §§ 28 og 29 i forvaltningslova. Fristen for å fremje ei grunngjeven klage er 28.6.2019.

Linken nedanfor gjeld ny forskrift om regionale miljøtilskott for Innlandet. Dei fleste ordningane er slik som dei har vore, men nokre er nye og nokre er endra.

Ber dykk lese godt igjennom desse.
Søknadsfristen er som tidlegare  15. oktober.

Minnar samtidig om at alle tek ein sjekk på gjødselportar og gjødselkjellarar/ kummar for lekkasje, og får take nødvendig vedlikehald i løpet av sumaren.  

Med helsing Landbrukskontoret
Vang kommune.

Fylkesmann Knut Storberget har bedt samferdselsdepartementet, kommunal- og moderniseringsdepartementet og justis- og beredskapsdepartementet i brev datert 15. mai 2019 om at prosjekt Kvamskleiva vert gjennomført så raskt som høve tillet. Dette er grunngjeve med at området er vanskeleg framkommleg og kan gje negativ verknad på kritiske tenester som naudetatar eller anna samferdsel.

Brevet kan de lese her (PDF, 108 kB).

Fylkesmann for Innlandet, Knut Storberget, med delar av staben starta besøket med ei helserunde på kommunehuset. Deretter leia ordførar Vidar Eltun omvisinga i Vang sentrum:
Fylkesmannen, den tidlegare justisministeren, sette stor pris på besøket  hjå lensmann Odd Vidme i tenestestaden for politiet.

Fylkesmann og ordførar med følgje (herunder formannskapet) held fram informasjonsutvekslinga medan dei gjekk den om lag 1 km lange turen til Vang barne- og ungdomsskule.

Her guida leiar i ungdomsrådet, Monica Tveit Berge, forsamlinga rundt i fleirbrukshall og skuledel.

Etter ei god matøkt med aktiv samtale orienterte etatsjef Tommy- René Stordal om oppvekst, kultur og integrering. Han orienterte særskilt om kommunen si deltaking i prosjektet "Smart oppvekst".

Leiar på Vang Mottakssenter, Bente L. Dalåker orienterte om drifta av mottaket gjennom dei 20 åra mottaket har eksistert.

Liste over utskriven eigedomsskatt er frå i dag og 3 veker framover lagt ut til offentleg gjennomsyn her og i resepsjonen på kommunehuset i Vang.

Klagefrist er 6 veker, og me gjer merksam på at utskriven skatt berre gjeld «verk og bruk».

 

Bestillingsruta er eit tilbod frå Opplandstrafikk til deg som har behov for transport frå heimen til Vang sentrum.

Bestillingsruta blir køyrt av drosje, og i Vang er dette tilbodet på onsdagar. Det køyrer drosje både frå Tyinkrysset og frå Ryfoss, og du bestiller ved å ringe oppgjeve telefonnummer 46 30 46 30 seinast dagen før.

 

  • For skyss frå Ryfoss eller Tyinkrysset/ Øye

    Ring til Christoffer Kvien Tlf: 46 30 46 30

  • Avgang onsdagar frå Ryfoss og Tyinkrysset/ Øye ca. kl. 09.30 (avtal med sjåfør ved bestilling) – Retur frå Vang kl. 13.00

Takst pr. dags dato er for alle kr. 50,- ein veg, altså kr. 100,- tur /retur

Vang kommune heidra Borgny Kvien og Elisabeth Hålien for 25 år i kommunal teneste. Markeringa fann stad i Sørre Hemsing og vertskapet der serverte som vanleg særs god mat.

Ordføraren overrekte takk og gode ord til jubilantane, gåvekort og vakre blomar frå Lund Arbeidsbase. Elisabeth har i hovudsak hatt sitt virke innan miljøtenesta, no som leiar, medan Borgny har arbeid både i barnehage og skule, no arbeider ho ved VBU.

Takk for innsatsen og lykke til vidare!

Som avslutning på ein innhaldsrik bokkveld i Vang folkebibliotek i går kveld, kunne ordførar Vidar Eltun overrekke Positivprisen for 2018 til Gudrun Gustavsen og Margrethe Ann Fagerheim.