Kven som helst kan kjenne seg isolert og åleine no for tida. Når dei fleste av oss no sit mykje heime, utan dei vanlege møteplassane å gå til, er det nok mange som ynskjer seg meir kontakt med andre. Tenkjer du at det hadde vore kjekt å ha nokon å snakke med? Eller vil du bidra med din tid, for nokon som ynskjer kontakt?