Frivillige lag, organisasjonar og arrangørar innan kultur kan no søke om kompensasjon for avlyste, utsette eller stengde arrangement grunna koronapandemien.

Kven som helst kan kjenne seg isolert og åleine no for tida. Når dei fleste av oss no sit mykje heime, utan dei vanlege møteplassane å gå til, er det nok mange som ynskjer seg meir kontakt med andre. Tenkjer du at det hadde vore kjekt å ha nokon å snakke med? Eller vil du bidra med din tid, for nokon som ynskjer kontakt?

 Kjære bygdefolk, og studentar/familie som ynskjer å komme heim til Vang i påska! 
 Det blir ei annleis påske i år. Vi håper likevel de vil nyte høgtida og naturen, og ta godt vare på kvarandre i den situasjonen vi står i.

 Kommunen, landet og verda er inne i si mest krevjande og uoversiktlige periode sidan 2. verdskrig. Regjeringa har bestemt at dei strenge forboda og påboda skal gjelde til etter påske. 

Er du bekymra for kvardagen, har det vanskeleg heime, eller kjenner du nokon som slit litt ekstra? Her finn du kontaktinformasjon til nokon du kan snakke med.

Har du symptom som kan skuldast koronavirus? Her kan du melde frå til Folkehelseinstituttet.

Her finn du tilråding for arbeid på anlegg/arbeidarar som pendlar inn til Vang.
Information in english can be found further down in this article.

Kommunestyret har i møte den 13.02.2020 vedteke kommunal forskrift for catskiing. Forskrifta gjev løyve til catskiing i ei prøveperiode fram til og med 15. april 2024, jf. lov om motorferdsel i utmark og vassdrag §4a tredje ledd. Det er vedteke to løypetrasear, ei i tilknyting til skiheis i Raudalen og ei i tilknyting til skiheis på Tyin/Filefjell. Forskrift med kart over løypetrase finn du i link under. Her ligg også saksframlegg med vedtak, konsekvensutgreiingar og merknadsrapport frå høyringsrunde 

Det er høve til å klage på kommunestyret sitt vedtak, jf. forvaltningslova kapittel VI og forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag §4a, åttande ledd. Fristen for å klage er 3 veker.

 

 

 

Fredag 21. februar kl 12.00 feirer vi den internasjonale morsmålsdagen på Vang folkebibliotek. Det blir dikt og historier på ulike språk, og konsert med Kouame Sereba.

NAV Valdres inviterer til jobbmesse 6. februar 2020 på Scandic Valdres.