Vi flyttar

I samband med flytting til midlertidige lokale vert kommunehuset stengt for besøkande 15. og 16. november.

Kommunehuset i Vang skal byggast om. Medan arbeidet blir gjort, flyttar vi til midlertididige lokale i Tyinvegen 4850.

I samband med flyttinga blir kommunehuset stengt for besøkande 15. og 16. november. Sentralbordet er ope, du kan som vanleg nå oss på telefonnummer 61 36 94 00. Fredag 17. november er vi klare for å ta imot besøkande i Synshagen, Tyinvegen 4850.

Vi reknar med å vere i Synshagen fram til sommaren 2025.