Vassmålaravlesing 2023

No er det tid for vassmålaravlesing. Det vart sendt ut SMS-varsling onsdag 13. desember til dei som har registrert mobilnummer for avlesing.
Det vil bli sendt ut avlesingskort i posten til dei som ikkje har SMS-varsling. Telefonnummer blir henta frå offentleg register.

Teksten i meldinga er unik og knytt til din eiendom og vassmålar. Ein kan difor ikkje vidaresende meldinga til andre. Det er viktig at du kun skriv inn tal i meldinga, inga tekst.

Fristar

Frist for innlesing på SMS er i fyrste omgang 21. desember. Får du ikkje lese av målaren innan 21. desember, vil det bli sendt ut ei påminning på SMS med ny svarfrist 5. januar. Har de spørsmål om avlesing, ta kontakt med Vang kommune på telefon 61 36 94 00

Svarslipp for rapportering av vassmålaravlesing

Dei som får avlesingskort i posten, kan fylle ut målarstand, signere og sende svarslippen til Vang kommune. Her kan du og leggje inn mobilnummeret ditt hvis du ynskjer å få lese av målaren på SMS ved neste års avlesing. 
På avlesingskortet står det ei kode som kan brukast hvis ein ynskjer å lese av på den web-baserte løsninga, leseav.no

Ein kan og sende inn målarstand via skjemamodulen vår

Frist for innlevering på leseav.no og avlesningskort er 5. januar 2023.

Vasslekkasje kan være dyrt. Til og med ei kran som berre dryp langsamt kan bruke fleire tusen liter på eit år. Ein WC kan lekke verkeleg mykje vatn, opptil fleire hundre tusen liter vatn på eitt år. Slike lekkasjar må du betale for. Gjer det til vane å kontrollere at det ikkje lek heime hos deg: Steng alle kraner og kontrollér at ingenting rører seg på vassmålaren. Er det bevegelse på vassmålaren din når alle kraner er stengt: Ring ein røyrlegger!