Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljregulering Andstor

Jf. plan- og bygningsloven § 12-8 blir det varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Andstor på Tyin-Filefjell. Planområdet omfattar områda mellom Tørisheisen og Fløgstrønde.

Planområdet går frå nordsida av E16, der botnstasjon for Andstorheisen er lokalisert. Sør for E16 tek planen fyrst med seg naudsynt areal for vurdering og regulering av tilkomstveg, ski in/ski ut, vidare byggeområder, heistrase, toppstasjon og grønnstruktur mellom Tørisheisen i vest og alpinareal mot Fløgstrønde i aust. Førebels plangrense er romsleg og vil truleg justerast i løpet av planprosessen.  

Det er laga til ein innspelsportal der ein kan gjera seg betre kjent med detaljreguleringa og kan gje innspel direkte:

Tyin-Filefjell Andstor og Synhaug-Vesleåne

 

Planmateriell:

Varsel om oppstart av planarbeid_Andstor (PDF, 2 MB)

Varslingskart_01052023_Andstor (PDF, 555 kB)

Planinitiativ_Andstor (PDF, 4 MB)

Referat fra oppstartsmøtet - Detaljregulering for Andstor (PDF, 249 kB)

 

Merknadar eller innspel til planen leggast direkte inn i innspelsportalen(link ovanfor), eller sendast skriftleg til Asplan Viak AS, Sundrejordet 4, 3570 Ål eller judith.aakre@asplanviak.no innen2. juli 2023