Vaksinering hausten 2023

Det er tid for vaksinering mot influensa. Her finn du informasjon om kven som bør vaksinere seg og korleis du bestiller vaksinering. 

Folkehelseinstituttet (FHI) oppmodar alle over 65 år, bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim, gravide i 2. og 3. trimester og personar med ulike kroniske sjukdomar om å ta vaksine mot influensa, samt ei oppfriskingsdose mot korona. FHI tilrår også pneumokokkvaksine kvart 6. år for alle som er over 65 år og i risikogrupper.

Lurer du på om du er i målgruppa, kan du lese meir på Folkehelseinstituttet sine sider om kven som bør vaksinere seg mot influensa:

FHI: Influensavaksine til risikogrupper

Her finn du meir informasjon om koronavakine:

FHI: Informasjon om koronavaksine

Tid og stad

Det vil bli tilbod om vaksinering på biblioteket

  • onsdag 1. november frå kl 09 til kl 15
  • onsdag 15. november frå kl 09 til kl 15

Bestilling av time

Det vil vere moglegheit for drop in, men me oppfordrar deg til å bestille time.

  • Kontakt Vang Legekontor på tlf 61 36 95 00 for å avtale tid

eller

  • Send melding til legekontoret via HelseNorge.no. Då kontaktar vi deg om time.

Pris

Koronavaksine: gratis

Influensavaksine: 200 kr