Produksjonsstøtte: Folkemusikk i notid og framtid

Valdreskommunane forvaltar ei tilskottsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans. I 2024 er det 60 000 kroner til fordeling.  Støtta blir gjeve til 1–3 produksjonar som produksjonsstøtte og/eller turnéstøtte.  

Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres og utøvarane må ha tilknyting til Valdres. Hovudformålet er at flest mogleg born og  unge skal oppleve levande folkemusikk frå Valdres. Produksjonen kan inngå i den kulturelle skulesekken eller visast i samanhengar der det er naturleg at born og unge er med.  

Søkjarar busett i Valdres vert prioritert. I 2023 gjekk tilskottet til to forstillingar.

Kriterier for å få tilskot

  • Produksjonen skal vere klar for framsyning innan utgangen av 2024 
  • Produksjonen skal vere eigna for born og unge/familiar/alle
  • Produksjonar som blir produsert for (DKS) Den Kulturelle Skulesekken skal sendast ut til alle Valdreskommunane  

Søknad

Søknadsfrist er fredag 1. mars 2024.

Valdresmusea er sakshandsamar.

Meir informasjon og søknadsskjema: valdresmusea.no

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål kan du kontakte Frank Rolland eller Katharina Sparstad.

Frank Rolland 
frank.rolland@valdres.museum.no  
Tlf. 90045834 

Katharina Sparstad  
ks@valdres.no 
Tlf. 99009584