Pårørandeundersøkinga

Er du pårørande til brukarar eller pasientar som tek imot helsetenester frå kommunen? Då vil vi invitere deg til å svare på pårørandeundersøkinga.

Ivaretatt-undersøkinga er for pårørande til brukarar/pasientar som mottek tenester frå tilrettelagte teneste eller institusjon- (Vangsheimen) eller heimebaserte teneste.  

Vang kommune køyrde same undersøkinga i 2023.  

Me takkar 24 pårørande som svarte på ivaretatt undersøkinga i 2023. Dessverre var det låg svarprosent og dermed er pålitelegheit òg låg. 

Tilbakemeldingar frå pårørande er viktig for kommunen. I kontakt med pårørande får kommunen ein del tilbakemeldingar. Med Ivaretatt pårørandeundersøkinga kan ein gi tilbakemeldingar på konkrete spørsmål.  

Me håpar at mange pårørande svarar i 2024 slik at kommunen kan jobba med resultatet. 

Gå inn på pårørendeundersøkelsen.no. Undersøkinga er open fram til 1. mars 2024. 

Delta i pårørandeundersøkinga

Med vennleg helsing

Vang kommune

Helse og omsorg