Pårørandeskule - våren 2024

Vang og Vestre Slidre ønskjer å starte opp pårørandeskule våren 2024.

Pårørandeskule er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven som har demenssjukdom. Kurset vil føregå over 5 kveldar og det blir teke opp ulike tema, til dømes:

  • Demenssjukdomar
  • Kommunikasjon
  • Kvardagen som pårørande
  • Lovverk
  • Informasjon om ulike hjelpetilbod

Vil vil gjerne ha tilbakemelding på om det er interesse for dette tilbodet. Ta kontakt med Stine Solemsli, telefon 908 96 012 eller e-post: stine.solemsli@vang.kommune.no.

Kontaktinfo

Stine Solemsli
Leiar Vangsheimen og heimetenesta
E-post
Telefon 90 89 60 12