Ny kommunalsjef for landbruk og teknisk

Ingeborg Lunde har fått tilbod om stilling som kommunalsjef for landbruk og teknisk i Vang kommune.

I november 2023 vart det lyst ut stilling som kommunalsjef for landbruk og teknisk. Det var 13 søkjarar til stillinga. Ordførar og kommunedirektør er inhabil i saka og har ikkje delteke i prosessen. I kommunestyrevedtak av desember 2023 vart det derfor vedteke at innstillinga skulle leggast fram for formannskapet for vedtak.

Tilsetjingsutvalet har vore samansett av administrativt tilsette og tillitsvalde, samt varaordførar som representant frå formannskapet.

Tilsetjingsutvalet la fram innstilling til formannskapet torsdag 25.01.24, og formannskapet har vedteke framlagt innstilling.

Ingeborg Lunde har fått tilbod om stilling som kommunalsjef for landbruk og teknisk i Vang kommune.