Kanskje har du fått melding om at valkortet ditt er i Digipost? Eller du lurer på korleis du skal svare på ein e-post? Ynskjer du å bestille bussbillett på nett? Når kriser skjer kan det vere godt å få informasjon frå kommunen, men kvar? Dette er berre eksempel, kanskje har du spørsmål om andre ting?
Tid og stad
Vang folkebibliotek, første onsdag i månaden kl 12-14.
Oppstart 6. september.
Utstyr
Ta med mobil, nettebrett eller PC og kodebrikke.
Digivertar
Me har fått med oss ein fin gjeng med frivillige digi-vertar; Boye Thorpe, Nils Rogn, Svein Ove Blystad, Derk Stegwee og Håkon Berge. Dei har god kjennskap til mykje innan dataverda og hjelper deg med det du måtte lure på. Digivertane har sjølvsagt teieplikt.
I tillegg blir det digi-kafé med digi-vertar frå ungdomsskulen annankvar måndag kl 16-18, oppstart 18. september. Meir info kjem!